|
Å prøva å forstå religiøse skrifter bokstavelig er ein nyttelaus og uinteressant øvelse som ikkje mange i vesten prøver seg på i dag. Men å forstå Bibelen, Koranen og andre heilage bøker som eit kulturhistorisk produkt, dvs. som tekstar, er både interessant og viktig.
Medan kristendommen, jødedommen og islam alle poengterer forskjellane mellom dei tre religionane, og forsøkjer å få dei til å framstå som brot med historien, så viser realitetane at det både er ein indre slektskap mellom disse tre religionane, og at dei byggjer på ein arv frå tidligare ”hedenske” religionar. Skal vi få slutt på den meiningslause religionskrigar er det derfor viktig å få fram dette. Med andre ord: vi må studera – og diskutera – religionens idehistorie. Her skal eg derfor oppsummera litt om kristendommens idehistorie – slik eg ser den.
Det eg skriv under dette temaet følgjer hovedsakelig to hovedlinjer. Den eine handlar om dei såkalte ”gudemennene”, og den andre om ”modergudinna”. Dei har det felles at det handlar om å sjå etter likheter mellom historiene til forskjellige figurar frå mytologi og religion, og å utforska kor ulike element kjem frå. På et nivå handlar dette om Jesus og Maria, for historiane deira er samanvevd med dei andre. Men på eit anna nivå handlar det om det som er bakenforliggande, det som Jesus-Maria historiane symboliserer på eit djupare plan.
Uttrykket ”Gudemenn” har eg frå Freke og Gandy (sjå Jesusmysteriene) Det står for mytologiske skikkelsar som var ein slags overmennesker, ofte med guddomelig opphav på farssida og som gjenoppsto frå døden etter eit opphald i dødsriket. Mange gonger vart denne gjenoppstandelsen tolka symbolsk i forbindelse med fruktbarhetskult eller grødens vekst, og/eller mystisk som ein indre gjenfødsel eller initiering til eit mysterium slik som dei Eluseiske mysterier. Les meir om dette på wikipedia: Life-death-rebirth deity (http://en.wikipedia.org/wiki/Life-death-rebirth_deity)
Var altså Jesus ein slik gudemann?
Spørsmålet heng saman med spørsmålet om Jesus var ein historisk skikkelse. I følge forskaren Per-Bjarne Ravnå så var Jesus det (sjå Jakten på den VIRKELIGE Jesus), sjølv om han meiner at Jesus hverken sto opp frå dei døde eller var guddommelig. Som menigmann skal eg ikkje hardnakka påstå at Ravnå og dei fleste andre på feltet tar feil, sjølv om eg ikkje syns det er så mykje som tyder på at dei har rett. (Sjå posten På leit etter den historiske Jesus) Og uansett tyder alt på at Jesushistorien er sett saman av element frå historiane til fleire andre personar som levde samtidig, og før Jesus. (sjå feks Hayyim ben Yehoshua: THE MYTH OF THE HISTORICAL JESUS) http://mama.indstate.edu/users/nizrael/jesusrefutation.html
Vi skal ikkje gå vidare med det her, for poenget mitt er at uansett om Jesus var historisk eller ei, så er det ei historisk kjerne, og uansett så har historien til Jesus gjennomgått ei form for mytologisering. Den har vorte gjenfortalt og omskrive mange gonger på vei til oss, og derfor syns eg det er naturlig at den kan ha vorte påvirka av dei andre gudemannhistoriane. At Jesus for eksempel har arva ein del av attributtane til Mithras (Sjå Jesus som Mithras-kopi) ser eg på som uomtvistelig. Men det er mange andre eksempel på likheter med andre gudemenn (sjå Dionysos på korset) som Adonis, Aion, Attis, Mithras, Buddha, Dionysos, Heracles, Khrisna, Osiris, Pythagoras, Zoroaster og Tammuz.
Tilfeldigheter eller historieforfalsking?
Kor mykje av dette som er bevisst tilpassing av Jesus-skikkelsen og kor mykje som tilfeldig har blitt ein del av Jesushistorien er ikkje godt å sei. Men vi veit at ein av strategiane for kristninga av romerriket var å overta eller kristna (sjå Kristninga av Romerriket) hedenske skikkar (og med hedenske meiner eg førkristne religionar). Hedenske tempel vart rivne og kristne kyrkjer bygd på restane. Somme av dei hedenske figurane som Hekate og Lilith vart demonisert (les Nattens Dronning 1, 2 & 3) men andre vart til kristne helgenar. Og likeeins vart mange av dei kristne høgtidene overtatt frå dei hedenske kultane. Andre ting som har gått i arv er titlar, klesplagg og symboler. Ordet pave (papa) skal koma frå Pater Patrum som var tittelen for ypperstepresten for Mithras.
Det var i utgangspunktet ingen hemmelighet at dette vart gjort, for det var jo umulig å skjula at for eksempel ei av dei nye kyrkjene i Roma tileigna Maria vart bygd rett over eit tempel for Minerva. Derfor heiter den jo også Santa Maria sopra Minerva den dag i dag. Og slik var det mange stader. Jamvel Peterskyrkja er bygd over kultstadane til Kybele og Mithras på Vatikanhøyden, (Sjå posten Så fast eit fjell) og mykje tyder på at apostelen Peter ikkje ein gong var i Roma. Men romerkyrkja skulle og ville bli ein verdensreligion - og klarte det, til dels med ufine midlar. Sannsynligheten er derfor stor for at jesushistorien, dels av strategiske hensyn, har blitt iblanda stoff frå dei andre mytane som sirkulerte omkring romarriket på denne tida.
Maria, den heilage guds mor
På same måte som Jesus har lite historisk oppbakking og har mange parallellar til andre figurar i mytologien, sakner også forteljinga om mor hans Maria eit skikkelig historisk grunnlag, men har mange likhetspunkt med antikkens gudinner. Dette har eg skrive om i posten Mariamyten. Og, som eg har skrive om i posten Vil Guds rette mor vennligst reisa seg?, kom motivet med Jomfrua og barnet frå framstillinga av Isis og andre. Min personlige, og ganske uhøgtidlege teori for kven som er Guds mor, skal eg la liggja her, men interesserte kan lesa posten Maria Nemetona.
Også Islam (les Modergudinna og dei svarte steinane) og Jødedommen (les Den hebraiske gudinna) har hatt sine gudinner men disse har blitt meir eller mindre fortrengt. Meir i Islam, virkar det som, og noko mindre i Jødedommen. Men i kristendommen har Maria tvinga seg på, og nesten fått gudinnestatus. Det er mykje fordi modergudinna sto så sterkt i austkyrkja, og spesielt i Efesus, der det var ein sterk gudinnetradisjon med Kybele og Artemis. Det er neppe ein tilfeldighet at det kyrkjemøtet som definerte Maria som gudemor vart halde nettopp i Efesus, og ei heller at ei segn vil ha det til at Maria drog til Efesus og døydde (eller vart teken opp til himmelen) der!
Konklusjon
Foreløpig konklusjon er at både Jesushistorien og Mariahistorien er blitt dels bevisst tilpassa dei hedenske kultane som fans i området, og dels er blitt påvirka av disse, fordi det var allment tankegods, som flaut fritt. Eg meiner derfor at begge hovedpersonanene i det nye testamentet langt på vei er mytologiske figurar, som kristendommen har adoptert og tilpassa den messianske profetien i det gamle testamentet. Kristendommen er med andre ord hedenskap i ny innpakking - uten at det på noko vis er til forkleinelse for religionen, snarare tvert om!
Kva så med det gamle testamentet? Dette har eg ikkje skrive noko om så langt, men det er eit faktum at mange av historiane der kan finnast igjen andre stader, slik som skapelsesberetningane, historien om syndefloden osv. Den gammaltestamentlige guden Jahve har arva sine egenskapar etter El / Elohim, og andre gudar. Han som opprinnelig var ein lokal stammegud utvikla seg etter kvart til ein global høg-gud. Dette kan den som vil lesa meir om i Andreas Edwien si utmerka bok: ”Idekampen i det Bibelske gudsbildet”.
Altså: Bibelen er ein tekstsamling. Både det gamle og det nye testamentet består av historier som bare er nokre utvalgte frå mange andre liknande historier. Jesus og Mariahistoriane er altså del av ein mykje eldre og endå rikare tradisjon. Dei representerer noko som stikk endå djupare, og som ein ikkje forstår hvis ein tolkar Bibelen bokstavelig. Mitt poeng her er at ei symbolsk forståing av Bibelen ikkje behøver å komma i konflikt med hverken vitskapen eller ateismen. Det er faktisk mulig å diskutera symbolikken på et felles humanistisk grunnlag, i undring og glede over disse fascinerande historiane! |