| Islams idehistorie |
|
|
|
| Religion - Islam |
| Skrevet av Gunnar Øyro |
| torsdag 07. januar 2010 16:35 |
|
Akkurat som dei to andre abrahamske religionane, kristendommen og jødedommen, har heller ikkje Islam utvikla seg isolert frå omgivelsane. Vi skal her sjå litt på korleis Islam oppsto og utvikla seg med hovedvekt på ideflyten mellom Islam og den før-islamske polyteismen ("hedenskapen") samt kristendommen og jødedommen. Det meste av dette er basert på boka av "The Evolution of God" av Robert Wright, men også Karen Armstrongs "Historien om Gud" er konsultert. Mykje av Islams historie handlar om makt. Og sentralt i dette er historien om korleis Muhammed klarte å ta makta over Mekka. På Muhammeds tid var Mekka eit handelssenter, der varer til og frå Jemen i sør, Syria i nord og kanskje også persarriket i nordaust passerte gjennom. Folket i Mekka var polyteistar. Dei trudde på gudar som Al-Uzza, Manat og Al-lat, og ikkje minst på ein skapargud som dei kalla Allah, som Muhammed etter kvart skulle gjera til den einaste sanne gud for arabarane. Den jødisk-kristne arvenEin viktig grunn til Mekka sin sentrale posisjon var det her låg den vidgjetne heilagdommen Kaba. Det er ein kubisk stein som i dag, som den gong, er målet for hajj, den årlige muslimske pilgrimsferda, men som før Muhammeds tid var omgitt av bilder av alle (360 seier kjeldene) dei gudane som dei ulike stammene og klanane tilba. At eit handelssentrum som Mekka hadde eit mangfaldig religiøst liv er ganske naturlig av fleire årsaker. For det første smittar religion gjennom kontakt, og for det andre er polyteisme veldig praktisk, for då føler handelspartnarar og gjester seg velkomne. Muhammed kom antagelig i kontakt med kristendommen dels gjennom den kristne fetteren til kona, og dels gjennom kristne og jødar i eller nær Mekka. I henhold til muslimske kjelder hadde ein kristen fått lov til å mala bilder av Jesus og jomfru Maria på innsida av Kaba. Då Muhammed var førti år, altså rundt året 609, fekk han etter den muslimske tradisjonen ein openbaring. Han hadde fått vane å trekkja seg tilbake til eit fjell for komtemplasjon, og ei natt fekk han eit syn. Ein strålande skapning skal ha kome for han og gitt han ein beskjed som han skulle fortelja dette vidare. Dette tolka han som at det var engelen Gabriel som viste seg, og at beskjeden var frå Allah, dvs Gud. Gjennom ein periode på 23 år fekk Muhammed gjentatte openbaringar, og slik utvikla han Koranen linje for linje, vers for vers. Vi skal ikkje her diskutera innhaldet i Koranen eller korleis det kom til han, men det er uansett klart at Muhammed var ein dyktig strateg og ein ambisiøs mann. Robert Wright bruker økonomiske begrep for å beskriva profeten. Han seier at Muhammed fylte ein "vidopen spirituell nisje. Han tok ein framand gud som alt hadde gjort sitt inntog i Arabia, og vart denne gudens offisielle arabisktalande talsmann. For å bruka moderne kommersielle begrep, så er det som om ingen før Muhammed hadde tenkt å sikra seg rettane til å oversetta bibelen til arabisk, sjølv om etterspørselen for ei slik bok hadde begynt å ta form." Kven var denne Allah?Kva er så forholdet mellom Muhammeds gud Allah, og den jødisk-kristne guden Jahve? Her er det (minst) to mulige svar: 1) Allah var ein før-islamsk hedensk guddom som Muhammed fusjonerte med Jahve. Karen Armstrong er blant dei som trur på det første alternativet. Men Robert Wright meiner at sjølv om navnet Allah dukkar opp i gammal arabisk poesi, så er det ikkje grunn til å tru at Allah hadde djupe røter i arabisk religionshistorie, og dermed kan vi like godt anta at det siste alternativet er rett. Argumentasjone for er todelt. For det første later det til at enkelte undra seg over at Allah ikkje hadde nokon kult i Mekka, samtidig som at kristne arabarar drog til Kaba for å tilbe Allah! Men forklaringen er kanskje så enkel som at det var dei kristne som var Allah sin kult. Og faktisk kallar fremdeles kristne arabarar Gud for Allah. Og det fører oss over i punkt to, som handlar om opprinnelsen til ordet Allah. Dei som er tilhengjarar av første svaralternativ, seier at Allah er ein samantrekning av al-ilah, som er det arabiske ordet for "guden", altså i bestemt form. Men Wright meiner at det er usannsynlig at eit slikt ord skulle vore brukt om ein av mange gudar i eit polyteistisk panteon, altså før Allah vart den eine guden. Han seier at det er meir sannsynlig at ordet kjem frå det syriske allaha, eller allah, som i sin tur kan førast tilbake til det hebraiske navnet for gud: Elohim. Hvis Wright har rett, så hadde Muhammed kanskje ei litt enklare oppgåve. Sidan (ein versjon av) den kristne guden av meir eller mindre pragmatiske årsaker alt hadde sluppe inn i arabarane sitt panteon, så vart hovedoppgava hans då ikkje å få dei til å tru på han, men å overbevisa dei om at han var den einaste guden. Og dette ser ut til å stemma med historien, for Muhammed bruker ikkje masse krefter på å argumentera for at Allah er den same guden som den dei kristne og jødane trudde på. Det ser rett og slett ikkje ut til å vera uenighet om Allahs identitet. Til sjuande og siste blir det kanskje hipp som happ kva versjon vi vel å tru på, for uansett ville Allah-Jahve i Mekka vera ein annan versjon enn Jahve i Israel (for ikkje å snakka om dagens kristne Gud). Husk på at det fantes mange konkurrerande variantar av kristendommen på markedet på den tida, og historien om han ville ha blitt påvirka av andre gudehistorier og forandra på veien til Mekka. Dessuten hadde Jahve allerede tatt opp i seg mykje frå dei andre før-kristne gudane, så mange av historiane om han ville nok vekkja gjenklang i det arabiske religiøse markedet, om vi kan bruka eit slikt bilde. Folket i Mekka avviste fornuftig nok Muhammed. Han forlanga tross alt at dei skule avsverga alle dei andre gudane, noko få ville gå med på. Og på same måten som dei første kristne vart dei første muslimane anklaga for å vera ateistar, noko dei relativt sett var. (1 er mykje mindre enn 360) Han forlot derfor byen med sine tilhengjarar (70 i talet ifølge Armstrong) og reiste til Medina der trua hans fekk betre mottagelse. Men han skulle komma sterkt tilbake. Den pragmatiske og fleksible Muhammed.For Muhammed var monoteisme eit svært viktig prinsipp. Men det ser ut til at på eit tidspunkt var han likevel villig til å gje slepp på dette. Det viser historien om dei sataniske versa, som ifølge muslimsk tradisjon er ytra av profeten, men som har blitt tatt ut av Koranen fordi dei var inspirerte av Satan. Dei tre gudinnene A-Lat, Al-'Uzza og Manat (*) hadde ein stor tilhengjarskare i Arabia, og vart av somme betrakta som døtrene til Allah. Og hvis Muhammed verkeleg anerkjente disse tre som gudinner kan det ha gjort det lettare for Muhammed å gjera business med tilhengjarane. Og grunnen til at disse versa seinare vart tatt ut av Koranen var formodentlig då at Islam hadde vorte stor nok til at ein ikkje trengte å lefla med andre gudommar. Men Muhammed strekte også ut ei hand til både jødane og dei kristne. Ein stad står det at muslimar ikkje skal krangla med dei, utan "på mildaste måte". Han bestemte at muslimane skulle feira Yom Kippur slik som jødane, han innførte forbud mot å eta svinekjøt, og han sa at dei skulle venda seg mot Jerusalem når dei bad. Men likevel vart forholdet mellom Muhammed og jødiske og kristne både problematisk og voldelig. Årsaken kan vera teologisk. Han hadde gjort tilnærmingar til kristendommen ved å kalla Jesus ein stor profet, og at han var Messias, og jamvel at han var fødd av ei jomfru. Men han kunne ikkje sei at han var Guds son. For når han ikkje kunne ha døtre så kunne han heller ikkje ha ein son. Han gjekk med andre ord så langt han kunne for å møta kristendommen uten å underminera sin monoteistiske posisjon. Og når det er sagt, så var det ganske langt, for mange av dei kristne sektene som for eksempel Nestorianarane var her ganske på linje med Muhammed. På den tida var det jo, som Wright seier, "eit smørgåsbord av kristentru". Likevel var det vanskelig for dei kristne å svelja at Muhammed avviste treenigheten. "Ikkje sei 'Tre'" råder han Jesus sin tilhengjarar. Og også det faktum at Muhammed kalte Jesus for Messias var vanskelig for jødane, for dei meinte jo at Messias endå ikkje hadde kome. Og når alt kom til alt så ville han at både kristne og jødar skulle akseptera at deira heilage skrifter bare var eit forspel til Koranen. Men sjølv om disse teologiske motsetningane nok hadde betydning så trur Wright at årsaken til at forholde til kristne og jødar vart dårligare, nok er meir samansett. Han seier at å tenkja på Muhammed som ein som klenger seg til ei rigid tru er å misforstå kven han var. For som vi har sett, kunne Muhammed vera veldig fleksibel i sin teologi. Og grunne var nok at han ikkje bare hadde teologiske ambisjonar, han ville også vera ein politisk ledar for både muslimar, jødar og kristne. Og Wright meiner at det sannsynligvis dette som fekk Muhammed sitt økumeniske prosjekt til å stranda, ikkje dei teologiske motsetningane. Og her er Karen Armstrong enig. Ho fortel at jødane i Medina tidligare hadde vunne makt ved skiftesvis å alliera seg med den ein eller den andre av to krigførande arabiske stammer. Men etter at Muhammed hadde forent disse (og andre) i den nye muslimske umma, ein slags overstamme, så vende jødane seg mot han. I januar 624 var det klart at Medina-jødane ikkje ville oppgi sitt fiendskap, erklærte den nye Allah-religionen sin uavhengighet, skriv Armstrong. Muhammed befalte då muslimane å be med ansiktet mot Mekka istadenfor Jerusalem. Dermed tilkjennegav dei at dei ikkje tilhøyrte nokon etablert religion. Og for å gjera ein lang og viktig historie alt for kort: etter å ha skaffa seg støtte i Medina inntok Muhammed i år 630, Mekka og gjorde Kaba om til ein muslimsk heilagdom. Han islamiserte dei gamle arabiske hajj-ritane, som hittil hadde vore hedenske, og gjorde denne valfarten som var så viktig for arabarane, til den femte søyla i sin religion. Med støtte i toraen sa han at det var Abraham og sonen hans Ismael som hadde bygd Kaba slik at Abrahams Gud kunne bli tilbedd der. På denne måten tok han den eldste av dei heilage personane i jødisk og kristen tru og knytte denne til arabarane sin mest heilage stad. Snakk om "Grand Unifying Narrative!", seier Wright. |
| Sist oppdatert torsdag 04. februar 2010 16:47 |



