Python: Randomfunksjonar


Python har eit eget bibliotek med randomfunksjonar, og for å bruka dei må du importera det med import.random. Sjå dokumentasjon. I eksempela under må vi ta med "random." før funksjonsnavnet for at det skal fungera:

choice(liste) plukkar tilfeldig ut eit element frå ei liste.

choice([1, 2, 3, 5, 9]) gir eit av tala i lista.
choice("Gunnar Øyro") gir ein av tegna i tekststrengen, inkludert mellomrommet.

random() gir eit tilfeldig tal mellom 0 og 1(ikkje inkludert).

random() kan for eksempel gi 0.2583496130716657

randrange(start, stopp, steg) tar ein til tre parameterar som input og genererer eit tilfeldig heiltall mellom start og stopp (ikkje inkludert) der vi kan angi kor mange steg det er mellom tala. Hvis start ikkje er angitt, startar ein frå 0. Hvis steg ikkje er angitt blir steglengda 1.

randrange(6) gir eit av tala 0, 1, 2, 3, 4 eller 5
randrange(1,7) gir eitt av tala 1, 2, 3, 4, 5 eller 6
random.randrange(0,360,90) gir eitt av tala 0, 90, 180 eller 270.

randint(a, b) gir ein tilfeldig heiltal N slik at a <= N <= b. Dette er bare eit alias for randrange(a, b+1).

sample(liste,N) returnerer ein del av liste med lengde N

sample(['Alissa','Alice','Marco','Melissa','Sandra','Steve'],2) kan feks, gi: ['Alissa', 'Melissa']

uniform(x,y) gir eit tilfeldig tal mellom x og y.

uniform(70,80) kan for eksempel gi 76.70187170527406

LENKER

Generating Random Data in Python (Guide).