Python: matematiske funksjonar


I tillegg til dei innebygde funksjonane har Python mange matematiske funksjonar. Her er ei liste med dei (fleste) som vi har bruk for, med lenker. Sjå alle funksjonane her.

Funksjonar frå mattebiblioteket math.

For å bruka dette må vi skriva import math. I programmet må vi bruka prefikset "math" framfor funksjonen. For eksempel heiter cosinus-funksjonen math.cos(x)

Funksjon Beskrivelse Eksempel
ceil(x) Returnerer det minste heiltalet som er større enn x. Sjå også floor() og trunc(). ceil(3.14) gir 4 ceil(-3.14) gir -3
cos(x) Returnerer cosinus til ein vinkel x i radianer. Sjå også radians(). Den omvendte funksjonen heiter acos(). cos(1.57) gir 0.0007963267107332633
e Gir ein tilnærmingsverdi av eulers tal e e gir 2.718281828459045
degrees(x) Konverterer vinkelen x frå radianer til grader. Den omvendte funksjonen heiter radians(). degrees(1.5707963267948966) gir 90.0
exp(x) Returnerer ex: exp(10) gir 22026.465794806718
factorial(x) Returnerer x! (x fakultet) factorial(4) gir 24
floor(x) Returnerer det største heiltalet som er mindre enn x. Sjå også ceil() og trunc(). floor(3.14) gir 3 floor(-3.14) gir  -4
gcd(a,b) Returnerer største felles faktor av heiltala a og b gcd(20, 12) gir  4
hypot(x,y) Returnerer lengden av hypotenusen i ein rettvinkla trekant der katetane er x og y. hypot(3,4) gir 5.0
log(x) Returnerer den naturlige logaritmen av x, dvs ln(x): log(3) gir 1.0986122886681098
log10(x) Gir tierlogaritmen av x, dvs. log(x). log10(1000) gir 3.0
sin(x) Returnerer sinus til vinkelen x i radianer. Sjå også radians(). Den omvendte funksjonen heiter asin(). sin(1.57) gir 0.9999996829318346
radians(x) Konverterer vinkelen x frå grader til radianer. Sjå også degrees(). radians(90) gir 1.5707963267948966 (dvs. pi/2)
sqrt(x) Returnerer kvadratrota av x sqrt(9) gir 3.0
trunc(x) Returnerer heiltallsverdien av x, dvs funksjonen fjernar desimalane etter komma. Sjå også ceil() og floor(). trunc(1.999) gir 1 trunc(-1.999) gir -1
pi Gir ein tilnærmingsverdi av pi. pi gir 3.141592653589793
tan(x) Gir tangens til vinkelen x i radianer. Sjå også radians(). Den inverse funksjonen heiter atan(): tan(0.7853981633974483) gir 0.9999999999999999